Min visjon er Γ₯ vere ein initiator, ein gnist og ein inspirator som tenner og igangsetter ditt unike og sterke lys! PΓ₯ den mΓ₯ten blir vi eit kompletterende nettverk av klΓ₯re lys som alle skinner i unike fargar, og lysar opp verda med autentisk kjΓ¦rleik, glede og fred!
KVEN ER EG?
Eg er ein intuitiv, vis, leiken, eigenrΓ₯dig, rar og trygg sjel som elskar Γ₯ gΓ₯ i djupet av livet β med ei leiken lettheit og ei open, undrande nysgjerrigheit. Eg er ein livseksperimentΓΈr som hentar inspirasjon frΓ₯ Moder Jord, som lyttar til stilla og lever i kjΓ¦rleik. Heilt sidan eg var lita, har eg hatt eit nΓ¦rt forhold til det intuitive, det sanselege og det usynlege β og ei stille, men urokkelig kraft har budd i meg: ei djup kjensle av at livet er heilagt, og at vi alle ber pΓ₯ noko unikt og ekte som vil bli levd fram.
Generator 3/5, Tvilling, Enneagrammet 4 & Wise Woman
Gjennom heile livet har eg vore sensitiv, intuitiv og klar β bΓ₯de i mΓΈte med andre og i mitt eige indre landskap. Eg har lΓ¦rt Γ₯ stole pΓ₯ denne evna til Γ₯ lytte, sanse og halde rom. Dette er ikkje berre noko eg har studert β det er noko eg har levd, igjen og igjen. Det er denne livskunnskapen eg no fΓ₯r lov til Γ₯ dele gjennom SOULSHINE β ein visjon, eit konsept og eit rom der sjela fΓ₯r kome fram, heil og levande.
SjΓΈlv er eg godt kjend med livets kontrastar. Eg har vandra gjennom mΓΈrke landskap β depresjon, meiningslΓΈyse, sjΓΈlvhat, djup skam og einsemd β og eg har sett kva som skjer nΓ₯r vi tΓΈr Γ₯ vere der, utan Γ₯ rΓΈmme. Gjennom desse erfaringane har eg ikkje berre mΓΈtt mitt eige mΓΈrke, men Γ²g funne tilbake til livsgnisten, til gleda over Γ₯ leve, og til krafta i det Γ₯ vere sann.
SOULSHINE er min mΓ₯te Γ₯ vere i teneste for det sanne, det ekte og det heilage i mennesket. Her fΓ₯r eg bruke heile meg β det faglege, det intuitive og det erfaringsbaserte β i eit heilskapleg arbeid som handlar om Γ₯ finne heim. Heim til kroppen. Heim til essensen. Heim til livet.
Min faglege bakgrunn inkluderer pedagogikk, sjukepleie, personlig trening og ein mastergrad i helsefremjande arbeid og helsepsykologi. Eg har sΓ₯ lenge eg kan huske (eller nΓ₯r min arbeidskarriere byrja) jobba med Γ₯ bΓ₯de vegleie, skape rom og snakke fra sanning. Eg har alltid vore djupt fascinert av mennesket, av indre liv, av kreativitet, identitet og kva som skaper sann heling. Masterprosjektet mitt utforska korleis kreativitet kan fremje ein sunn identitetsutvikling hos menneske som har erfart internalisert skam β noko eg no utviklar vidare gjennom forsking og skriving.
Eg brenn for at kvar enkelt skal fΓ₯ leve frΓ₯ sin kjerne. Eg vil lΓΈfte fram det unike lyset du ber pΓ₯ β det som ikkje kan mΓ₯last i prestasjon eller roller, men som lyser sterkast nΓ₯r du er heilt deg.
VELKOMEN SOULSHINE!
Det starta ute i havgapet med vind i hΓ₯ret, regn i ansiktet og solnedgangens fargar i auga - eg ville dele den natulege, ibuande leiken som berre du finn i sjelas frie uttrykk.
Vil du booke ei teneste, stille eit spΓΈrsmΓ₯l eller berre seie hei?
Eg blir alltid glad for Γ₯ hΓΈyre frΓ₯ deg! Send meg gjerne ein e-post, eller kom og bli inspirert pΓ₯ Instagram: @soulshinebysilje